Helgenkongens åpningskupp
– Hotell St. Olav er blitt ei framifrå gjestestove, men pass på! forkynte helgenkongen og "kuppet" hotellåpningen.
Kongen, spilt av Trond-Ove Skrødal, kom galopperende opp Mauritz Hansens gate og avbrøt seremonien 10. september. Nestleder i styret for Helse Midt-Norge, Anne Brit Schjetne, måtte vike mens St. Olav selv åpnet det nye pasienthotellet med en kraftfull tale. (se under)
Administrerende direktør ved St. Olavs Hospital, Roar Arntzen, overrakte en gave til hotellets første gjest, som er Kjell Arne Augustsen fra Brønnøy. Han flytter fra firesengsrom i sykehuset og inn på Hotell St. Olav i dag.
Det flunkende nye pasienthotellet er det første nybygget som tas i bruk som en del av det nye universitetssykehuset i Trondheim. Hotellet drives av Norlandia Omsorg as.
Og slik talte kongen:
Stans! Stans den bandskjæringa. Og det på raude rappen!
Jaså, du fagre helsemøy. Du nektar deg ikkje noko. Fyrst let du stormennene dine døype heile helsegarden på Øya etter meg. Og nett no skulle du til å opne denne framifrå gjestestova under same Olavsmerke. Men utan merkesmannen til stades!
Kven trur du at du er? Dei siste dagars helsedronning, kva? Nei, du. I denne flokken er det berre ein som rettvist kan kallast helsekonge. Og det har eg vore i nær tusen år, heilt utan gullkanta pensjonsavtale!
Men ikkje berre helsekonge. Eg er jamvel kåra til rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge! Kan de tenkje dykk korleis det er?
Støtt eit Olavspel i ausande regn, eller steikjande sol: ”Er dette garden Sul?”.
Alltid Olavsdagar med orgelkonsertar, mannskor og Idol-Kjartan!
Heile tida er det markeringar og minnepåfunn.
Ein Olavsskulptur der, ei kyrkje her.
Ei gate, eit hus, ein plass. Det manglar berre ein Olavsdass!
Det kan bli i overkant mykje, det kan det. Eg er trass alt ikkje meir enn ein helgen.
Men, men. Ein skal ikkje jamre over åtgaumen heller. Dei som granskar gamle tider, seier jo at desse føtene har sette dei djupaste fara i heile Noregshistoria. Ingen skal som meg ha prega den norske statsskikken, rettslivet, trusforma og folkelynnet. Seier dei som kan slikt.
Du har eit stykkje att dit, fagre helsemøy! Du også, Sterke Paul! Kor er du?
Men det skal de ha, alle i hop. De byggjer ein ofseleg gild helsegard. Og ikkje berre for Trondheimen, men for heile midtriket. Eg skjemst ikkje for å gi namn til denne garden, nei. Men neste gong hugsar de å bodsende meg, Eg bur rett over brua der. Det er berre å spørre etter hellig-Olav, personleg.
Nåja, hellig og hellig. Det er vel mogleg at eg ikkje støtt har vore så hellig. Likevel var eg heldig, såleis at folk knytte håp om helse og betre liv til namnet mitt. ”Du er den beste lækjaren,” sa dei dersom eg la denne handa på sjuklingar. I dag er det andre krav som gjeld. Det skjønar jamvel ein gamal mirakeldokter som eg. Nåtidas helsegardar kan ikkje nytte dei gamle knepa mine. Ikke Olavskjelda heller, sjølv om ho er utroleg k o s t n a d s e f f e k t i v. (Der ser de, eg fylgjer med i nynorsken deira.).
Nei, dei som rammast av sjukdom, må få den beste hjelpa som finst, bygd på denne tidas lærdom, dugleik og vitskap. Noko anna sømer seg ikkje. Men alle de som har så mykje helsemakt, må ikkje gløyme å kjempe mot alt det sjellause og framandgjorde i tida. Ein dugande helsegard kan ikkje berre bøte leikamsdelar og jage etter pengar! For såpass har eg fått med meg på tusen år, at utan menneskeverd, omsut og samkjensle, er alt nyttelaust. Meir seier eg ikkje om den saka, for eg veit at de har klåre verdiar å gå etter. Det er berre å leve etter dei, og det kvar einaste dag!
Sjølv forsvinn eg ut av dagen og inn i historia att. Men fyrst vil eg opne denne skinande og storarta gjestestova. Skalpellen, helsemøy! Skalpellen!
Det er stor heider for meg å forkynne Hotell St. Olav for opna. Eg vonar stova blir til gagn for alle som gjestar ho. Og så vil eg ynskje dykk til lukke med det vidare arbeidet her på helsegarden. Men hugs eg voktar dykk. Blir ikkje garden tenleg og sengjediger nok, så kjem eg attende! Høyrer du det, fagre helsemøy?
Lev vel!
Helgenkonge: Trond-Ove Skrødal
Tekst: Knut Hellerud
Foto: Geir Otto Johansen